Husmannsplasser

Ramsås Austre

Ramsås, austre

 

I 1813 fekk øvre Tveiten halvdelen av den gamle plassen Ramsås, men det er uvisst om det eigentleg var to plassar den fyrste tida. Men i alle fall i 1860-åra var det husmann på dette austre Ramsås, då hadde Tollef Tollefsson frå Stulen plassen. I 1875 hadde han 2 kyr, 3 sauer, 1 geit, sådde 1/16 tunne kveite, ¼ tunne bygg, og 2 tunner jordeple. Tollef flytte til Strond i Lunde. Den siste som budde på Ramsås var tinndølen og smeden Sveinung Gjøystdal

med kona Ågot. Og plassen blei nå gjerne kalla Smed-Ramsås. Dei flytte nokså mykje omkring, budde såleis på Grånåstul, Bukkemyrkåsa og Langedal. Gjøystdal-smeden var kjend for sine fine ljåar. Han brende sjølv kola han hadde bruk for, og vel av den grunn flytte han ofte. Då han kring 1905 flytte til Kåsa (Bukkemyrkåsa), blei plassen lagd ned og nytta som stule. Bygningen hadde romsleg stugu og kove, men rotna ned då det blei ståande tomt.

Kjelde: Bø-soga, band 1, side 418-419.

Ramsås Vestre

Ramsås, vestre

 

Det var opphavleg bare ein Ramsås-plass som låg vest for Jomfrunatten. Etter at Tveiten i 1809 var delt, blei også Ramsås i 1813 delt mellom dei to bruka, men det var nok framleis bare ein plass, og denne låg under nedre Tveiten.

Den fyrste husmannen me kjenner til på Ramsås, er Jakob Bjørnsson frå Kilen i Kviteseid. Han har slege seg til på Ramsås ein gong i siste halvparten av 1700-talet og døydde her i 1813. Sonen Gjermund var husmann etter faren. Denne Gjermund var nok ein hard kar. Han var med i krigen 1807-14 og høyrde til dei ”grøne jegerane”, dei kalla, som støtt låg i garnison. Det var mykje bjørn på heia i dei dagar, og Gjermund var kjend som ein god bjørneskyttar. Han hadde ei bjørnerifle som han kalla ”Korsfella”, som han hadde med seg kvar han for. Han hadde fått henne då han låg i hærteneste. I eit basketak med ein skamskoten bjørn oppi Hønekleiv ved Øverland, glefste bjørnen til Gjermund i foten så han hadde mein av det seinare. Gjermund døydde i 1845, og ætta flytte snart frå plassen. Ei grein budde på Jordgrav i Kilen, og derfrå kom Gjermund Augunsson, soneson til Gjermund Ramsås, og busette seg på Åkre i Bø, gnr. 21, gnr. 42.

Det blei snart to Ramsåsplassar: ein vestre under nedre Tveiten og ein austre under øvre Tveiten. I 1871 fekk Eilef Tollefson frå Langedal som var gift med Gunhild Andresdotter frå Stegalia festesetel på vestre Ramås, og etter dei skulle eldste sonen Andres ha plassen. Eilef hadde før vore husmann på Lang-Løyningen u/Sanda. Han flytte i 1876 til Lunde. Sonen Andres sat nå med Ramsås til 1885 då han flytte til Holla.

Den siste husmannen på vestre Ramsås var Tollef Eivindsson, son til Eivind Ellingsson Dalen gnr. 62, bnr. 14 (Styggedal). I 1892 fekk han festesetel for seg og kona på livstid for kr. 16 for året. Tollef var ein ”original”, som dei seier. Han hadde ein livleg fantasi og gode talegåver, men sikkert også ein god porsjon sjølvironi. Mest underleg er soga om Amerikaferda hans. Ein dag skulle han på butikken og kjøpe kaffi, men kom ikkje att, seiest det. Ei god tid etter fekk kona Margit Amerika-brev frå Tollef. Reisa var nok førebudd, men Margit visste ingen ting. Etter 4 år dumpa han ned att i Ramsås. Margit slo hendene i hop og ropte: ”Nei, er det deg da, Tollef ??”. ”Yes”, svara Tollef. I Amerika hadde han mellom anna drive som dyrlege, fortalde han, og det same gjorde han her heime og. Om dette og mangt anna går det morosame historiar. Etter kona Margit døydde i 1925, flytta han til Plassen ved Stokland, gnr. 15, bnr. 17, og døydde der.

Seinare blei Ramsås nytta som stule.

Kjelde: Bø-soga, band 1, side 415-416.


 Bildet syner Tollef Eivindsson (1843 – 1929) og Margit Halvorsdtr. Ramsås (1830 – 1923).

              Foto frå samlinga til Bø Museum.  Fotograf: Ukjent


 

Stegalia

Stegalia

Stegalia eller Lia var husmannsplass under Jønneberg. Plassen her ligg om lag på høgd med Oremyr. Det var ein som heitte Andres Halvorson frå Hasarud som braut opp denne plassen. Han blei i 1814 g. m. Kjersti, dotter av Nils Olavsson Jønneberg, som budde i Øygarden. Og det var såleis det bar til at Andres kom til å busette seg her ved Jønneberg. Det heiter at Andres sjølv kunne velje plassen der han ville rydje seg bustad, og han hadde fyrst tenkt på ein stad bortanfor Øygarden. Men det blei nå Lia. Det var så lagleg å bli kvitt steinen her, dei kunne bare rulle han utfor. Då hamna han forresten i Uvdalsskogen, delet gjeng like nedafor. Andres var kjend for å vera ein iherdig kropp og ein sprek kar. Ikkje lenge etter han gifte seg, tok han fatt med øks og spade i dei bratte ufsene som skulle bli plassen Stegalia. I alle fall i 1819 er han busett der. 15 dekar jord hadde han til slutt fått dyrka, og det skulle vere særleg god jordeplejord, så han dreiv visst litt med jordeplesal. Namnet Stegalia har elles si historie. Grannelagsvegen gjekk over plassen. Men Andres ville ikkje ha noko tråkk på dyrka mark. Det var ikkje greitt å hindre det. Bergufser stengde. Men Andres visste råd. Han hekta saman ein stegastubb og sette opp til berget, og så fekk folk klive stigen. Men plassen blei heitande Stegalia.

Andres var kjend for å vera arbeidsam, men han var og kjend for å vera så gjerug at han snautt unnte kone og born maten. Difor spikka han små blad på treskeiene, så dei ikkje skulle gjere seg for mykje gjeldande i grautfatet. Tradisjonen fortel og at Andres sjølv gjekk med nykelen til matroma. Når han reiste bort, mælte han opp det dei skulle leve av. Ja, til og med kjellarlemmen blei spikra til. Men så blei Andres ein rik mann og. Det seiest at han sparte seg opp heile 1400 dalar. Det kan vel vere at folk gjorde gjerugskapen litt verre enn han var. Men ikkje for det, det måtte vel slikt til skulle ein husmann leggje seg opp pengar. Andres var og kjend for å vere ein meister på ski, ja, reine Hemmestveit`n. Han stelte til hopp på fjostaket og sette utfor. Ein gong var han så uheldig at han braut beinet og. Andres døydde i 1865.

Kjersti, kona til Andres, var død før, og dottera, Kjersti, hadde så plassen ei tid, og ho budde der og då det snart kom nye plassfolk til Stegalia. Det var Nils Hansson frå Kåsa v/Tveiten og kona Helge (HæLge) Torgrimsdotter, Helge (HæLge) døydde i 1874. Nils hadde i 1875 2 kyr, 4 sauer, sådde 3/8 tunne bygg og 2 1/2 tunne jordeple. Nils flytte visstnok omkring 1880.

Det var så Anund Olavsson frå Steinurdshol som nå kom til Stegalia. Anund hadde ikkje vore gift så mange år då han kom hit, og mange av borna hans blei fødde her. Han hadde 7 i alt som levde opp, og det var nok liv og røre i Stegalia på den tid, ikkje minst når Anund tok fela fram og strauk opp ein springar. Anund sette elles opp ny stugu då han kom dit. Men i 1895 kjøpte Anund Kleiva i Øvre Bø og flytte.

Etter den tid budde det endå mange i Stegalia. Fyrst Elling Halvorssen Moen der ei tid, han kom seinare til Kasin. Så i 1913 flytte Gunnar Anundsen Lia inn på plassen. Han var ikkje ukjend på staden, her var han fødd i 1882. I 1913 blei det sett opp nytt fjos. Gunnar flytte att i 1917. Så kom smeden Olav Tjørukåsa, han som seinare budde i Raumyr. Deretter var Steinar og seinare Jens Jamgrav der ei tid. Den siste som budde i Stegalia, var Torstein Åsland til fram i 1950-åra. I 1956 brann stugu og uthus. Og naturen har etter kvart teke attende det som var Andres Stegalias livsverk.

Kjelde: Bø-soga, band 2, side 22-23.

Oremyr

Oremyr

Oremyr var husmannsplass under Jønneberg. Det var nok varmt og frodig i desse solliene. Den fyrste me veit om i Oremyr, var Vilhelm Larsson, eller ”Velom”, som bygdefolk sa. Han og kona Mari må ha kome hit tidleg på 1800-talet, dei hadde før budd i Høyslass. Denne Velom var nok ein snodig kar som kunne litt av kvart, mellom anna kunne han sette koppar på folk. I 1840 døydde Mari og i 1846 Velom. Eilef Tollefsson frå Langedal og kona Gunhild Andresdotter frå Stegalia budde her ved midten av 1800-talet før dei flytte til Lang-Løyningen, og deretter kom Sveinung Kittilsson frå Bergestig med kona Kari Kittilsdotter frå Busil. Sveinung døydde her i 1863, og enka Kari sat så med plassen. I 1865 hadde ho 2 kyr, 2 sauer, sådd 1/4 tunne kveite, 1/8 tunne bygg og 2 tunner jordeple. Ho gifte seg opp att i 1869 med Torkjell Svenkesson Helleberg v/Stokland. Kari døydde i 1874, og då flytte visstnok Torkjell. Stugo i Oremyr blei flytt opp til Jønneberg og sett opp der som sommarstugu til eldhuset.

Kjelde: Bø-soga, band 2, side 21.

Dokka Øvre

Dokka, øvre, ”Fjøledokka”

Denne Dokka-plassen var husmannsplass under Gravjord i Øvre Bø, gnr.33, bnr. 1. Jens Gunneson frå Bukkemyrkåsa i Eikjabygda, slo seg ned her, visstnok omkring 1820, han var nok den fyrste. Bror til Jens, Anund, slo seg ned i nedre Dokka om lag på same tid. Øvre Dokka blei og kalla ”Fjøledokka”. Etter Jens budde sonen Gunne i øvre Dokka. I 1865 hadde han 1 ku, 4 sauer, og sådde 1,12 tunne kveite, 1,4 tunne bygg, 1,16 tunne blandkorn, 1,4 tunne havre og 2 tunner jordeple. Det ser bra ut til å vera ein husmannsplass, og Gunne hadde ord på seg for å vere ein dugande jorddyrkar. Særleg kjend blei han fordi han braut opp så mykje jord på Jønneberg, og han fekk ein stor gullring av Bratsberg amts landhusholdningsselskap som heiderspris for det. Helge (HæLge) Gunnarsdotter, andre kona til Gunne, sat med plassen etter han. Ho var jordmor på ”heia”, og var elles ein hardhaus og ”fæl te å prate”. Den siste som budde i Dokka, var visstnok Anne Pedersdotter, ei dotterdotter til Gunne Dokka. Ho døydde i 1937. Anne var slik ei framifrå god budeie. Om somrane var ho i Østigard Eikja og sat med kyrne på Bakkjer. Om vintrane stulla ho på Jønneberg. Ein mann dei kalla ”Dobbelt Jakob” budde ei tid i eldhuset på Dokka. Han laga så fine korger av hassel.

Stugo, eldhuset og halvparten av stølbua stod på Jønneberg grunn, men uthuset på Gravjord. Alle husa stod så lenge Anne budde der, men nå har plassen vakse til med skog.

Kjelde: Bø-soga, band 3, side 695-696.

Dokka Nedre

Nedre Dokka, ”Dauvedokk”

Denne Dokka-plassen var husmannsplass under Gravjord i Øvre Bø, gnr. 33, bnr. 1. Plassen blei og kalla ”Dauvedokk”.  Anund Gunnesson frå Bukkemyrkåsa i Eikjabygda kom hit i 1820-åra, han var nok den fyrste her. Bror hans Jens hadde slege seg ned i øvre Dokka ”Fjøledokka” om lag på same tid. I 1875 sådde dei i Dokka 1,8 tunne bygg og 2 tunner jordeple, og hadde 1 ku og 2 sauer. Anund døydde i 1875, og enka, Ingeborg Ellingsdotter, budde der visst ei tid. Men det har vissnok ikkje budd folk her etter 1900.

Kjelde: Bø-soga, band 3, side 697.

Oredalen

Oredalen

 

Oredalen var opphaveleg husmannsplass under Uvdal. Det har i alle fall budd folk der frå midten av 1700-talet. Den fyrste husmannen me kjenner til i Oredalen, heitte Tollef Nilsson. Etter tradisjonen kom han til Uvdal frå Valdres i Falentins tid, (ca. 1750 og framover), det er og nemnt at han var frå Voss eller Lærdal. Han gifte seg og slo seg ned i Oredalen. Sonen hans, Nils, var neste husmann, han døydde i Oredalen i 1817. Eldste sonen hans, Tollef, kom til Langedal.

Mikkel Halvorsson Solberg hadde Oredalen i 1820-åra. Kona hans, Torhild Gunnarsdotter døydde der i 1825. Mikkel kom til Vrådal og må ha flytt fyrst i 1830-åra, for då budde Tollef Gunnarsson der. Han var son til Gunnar Tollefsson av gamal Oredals-ætt, og hadde budd på Åsheim u/Gravejord før han kom til Oredalen. Tollef sat med Oredalen til han døydde i 1863, og sonen Johannes tok noko seinare over. I 1875 hadde han 3 kyr, 1 kalv, 5 sauer, sådde 1/8 tunne kveite, ¼ tunne bygg, ¼ tunne havre, og 3 tunner jordeple. Johannes Tollefson var kjend som ein framifrå dansar. Han hadde ikkje born, og dermed  var det slutt på den gamle ætta i Oredalen.

Olav Olavsson Langedal budde der eit års tid før han kom til Langedal, og etter han Gunne Stokland, dette var i 1890-åra. I 1905 flytte den seinare Oredals-ætta inn på plassen, då Harald Kittilsson kom dit. Farfar hans, Harald Kittilsson, hadde budd på plassen Grånåstul, og faren, Kittil Haraldsson på Holmstul og seinare på Stulen u/Tveiten.

Etter kart frå 1904 hadde Oredalen 33 mål.

I 1935 kjøpte Harald Kittilsson plassen, og i 1957 fekk sonen Kittil skøyte på eigedomen. I 1957 bygde Kittil seg hus i Bø sentrum, og etter 1956 har det ikkje budd folk i Oredalen. På den trivelege husestaden står husa framleis:  stugu, uthus og stølbu. Den vesle stølbua er flytt opp frå Solberg, årstalet 1781 er skore inn.

Kjelde: Bø-soga, band1, side 394-395.

Langedal

Her kjem ein del stoff frå Odd Vevle. Denne karen har som dei fleste veit hatt eit spesielt forhold til husmannsplassar i Uvdalskogen og spesielt Langedal. Opp gjennom åra har han stått på og heldt det ryddigt og fint der borte, arrangera dugnadar og laga ein del stoff om denne plassen, noko me skal prøve å få lagt fram på ein god måte på heimesida. Foreløpig så legg me ut nokre linkar til diverse artiklar Odd har laga her.

Bildeprogram! (kan væra litt problemer med bildevisninga, skal finne ut av det)

Dagbok!

Planteliste!

Kulturarven i blomsterenga!

Odd har au stått på når det gjeld å finne midlar til framdrift av prosjektet, saksgangen kan væra interessant å sjå for nokon og ein kvar, og når det gjelder detaljerte og gode søknadar så kan me nok ta lærdom av det Odd sett opp her.

Søknad og tilskot til skjøtsel av naturlandskap!

E-poster ang blomstereng!