Quiz kveld 24.11 kl1900

Quiz kveld 24.11 kl1900

Publisert av Hans Eirik Kaasa den 16.11.17. Oppdatert 17.11.17.
Info. frå styret i Vellet.
Som dykk ser i Nynytt er neste aktivitet i haust, etter basaren, quiz - kvelden 24. nov .
Styret fekk ein forespørsel frå Stian Dalen, om han kunne spela ein " minikonsert" for kån samme kvelden. Som sikkert mange av dykk kjenner til, har Stian vokse opp i Eikjabygda og er ein drivende god musikar som tidlegare Iår lansera sin eigen CD.
Styret måtte ta stilling til dette da quiz - kvelden er annonsere, og denne " minikonserten " ville da ta noko tid av kvelden, samt at Stian ville kunne ta kr 100 i inngangspenger.
Dermed ville quiz - kvelden bli noko anna enn annonsere.
Etter rådslagning meinte styre at dette kunne bli ein ekstra fin kveld, med fyrst musikk av Stian, så quiz etterpå.
Dermed bestemte styre å takke ja til konserten med inngangspenger.
Opplegget for kvelden blir i grove trekk slik:
Quiz - kvelden startar som annonsera kl 19.00.
Inngangspenger kr 100 betalast i dynna. Stian startar sin konsert kl 19.00 og held på i rundt ein time.
Etter der ( etter kaffe m.m. ) startar me så quizen.
Me dette opplegget kan dei som ikkje ynskjer å høyre konserten med Stian, men bare på quizen, komme da.
Styre håpar at dykkar medlemmer av Vellet ser dette som eit positivt tiltak på denne kvelden, sjølv om det vart ei endring i det opprinnelige opplegget for quiz - kvelden.
Så gjerne "spre budskapet" så flest mulig veit om denne programendringa for quiz - kvelden.
Me trur dette blir ein veldig triveleg kveld der me får høre god musikk frå ein av bygdas ungdommar !
Vel møtt !