Årsmelding 2018 for Eikjabygda Vel
Styret har i 2018 vore: Leiar: Arne Storhaug
Nestleiar: Kristian Eika
Kasserar: Gro Staurheim
Sekretær: Gry Anita Fossland
Medlem: Hans Kåre Fossland
Varamedlemmer: Marthe G.Bjørbæk og Tom Lundtveit
Husstyret: Gunleik Hynne (leiar), Kari V.Hynne (utleigeansvarleg) og Tom Lundtveit.
Styret har hatt 5 styremøte i 2018 og sendt ut to NyNytt (februar og september 2018)
Ved utgangen av 2018 hadde me 47 familiemedlem og 19 enkeltmedlemmer (65/27 i 2017)
Aktivitet 2018:
- Flaskeløp, veldig godt oppmøte i brennebakken. Store og små stilte til start.
- «Rusken» vårdugnad i mai. Dugnad ute og inne med kake og kaffe etterpå. Ca 30.stk.
- 17.mai, som vanleg godt oppmøte. Borgar Kaasa var talar for dagen.
- Eikjabygdastevne 18.august.
- Filmkveld for store og små på grendehuset. Flåklypa blei framsynt.
- Quiz 19.oktober
- Basar 10.november. 70 voksne og 30.barn møtte
- Julegrantenning 2.desember med grautservering. 37 vaksne og 12 ungar.
- Juletrefest 27.desember.Nissebesøk og gang rundt juletreet. Presten som vitja juletrefesten i år var Ulf Vege. 40 vaksne og 16 ungar.
St.Hans feiringa utgjekk i år pga.ekstrem brannfare.
Styret har i 2017 sendt ei anmodning til Bø Kommune om at Uvdalvegen hadde behov for å rustas opp.
Kommunen svarar at det er planar om å prioritere tiltak på denne i 2019, men kva for delar av vegen som kan oppgraderast i fyrste omgang er ikkje klart enno.
Styret vil takke alle som har stilt opp når me har spurt om hjelp ved dei ulike arrangementa våre i 2018.
Eikjabygda 27.01.2019 Styret Eikjabygda Vel