Årets julegrantenning i Eikjabygda baud for fyrste gong på konkurranse i pepperkakehus-bygging, og det var det tydlegvis mange som sette pris på. Mange flotte byggverk blei stilt ut, og juryen fekk problem med å peke ut ein vinnar. Etter loddtrekking var det dette laget, her representert ved Kristian, Lars, Sverre og Guri som fekk fyrsteplassen, med Gygrestolen og mange andre kjennemerke frå Eikjabygda.