Stadnamnprosjektet i Eikjabygda

Arbeidet med innsamling av stadnamn innom grensa til gamle Eikjabygda skulekrins starta opp i 2003.  Det var Finn Rønning (Lokalhistorisk arkiv), Arne Hjeltnes (Bø turlag) og Kari Verpe Hynne (Bø kommune) som inviterte godt lokalkjente eikjabygdingar til eit oppstartsmøte der opplegg for innsamlingsmetode vart presentert. Dei som var med i arbeidsgruppa frå starten av er Klas Eika, Kari Hegna Tengesdal, Birger Smedstad og Kari Verpe Hynne. 

I innsamlingsarbeidet så har ein nytta ulike kjelder som til dømes: Skuleborninnsamlinga frå 1932,  Stadnamninnsamlingar v/ både Anton Røstad og Ingebjørg Brenne,  Bøsoga og ikkje minst lokale informantar. 

Hausten 2008 vart innsamlingsarbeidet meir formalisert i regi av Eikjabygd Vel og Rune Zeylon vart med i arbeidsgruppa, heretter kalla "Stadnamngruppa i Eikjabygda".   

Klas, Kari T. og Birger er dei i gruppa som har oppsøkt informantar og samla inn over 500 namn.  Ein legg ikkje skjul på at mykje av dette arbeidet er utført ”fem på tolv” for fleire av informantane som kom med både gamle historiar og nytting informasjon har nå gått bort. Kari T har i tillegg hatt kontakt med Bø barneskule der ho har formidla informasjon/materiale om stadnamnprosjektet og som har vert nytta i skulen sitt undervisningsopplegg. 
Rune er den som har hatt sekretærfunksjonen og han har vore ”ekspert” på søknad om gåver og midlar slik at stadnamnprosjektet kunne gjennomførast.
Kari V. har samla all informasjon i ein felles database slik at ein kan produsere kart til stadnamntavlene og tilrettelagt for digital formidling. 

All innsamla informasjon er nå å finne på dei ulike stadnamntavlene rundt om i krinsen. Gunnar Kleiva har teikna og laga desse fine tavlene og med Klas som medhjelpar. 
Hausten 2010 vart den første stadnamntavla i Eikjabyga sett opp ved Tjønnås stasjon og våren 2012 vart det satt opp 3 nye tavler. Dei står ved  grendehusetTandreog ved Uvdalsdammen.  Den siste tavla vart sett opp på Roehaugen rett før jul 2012. 
Eikjabygda_stadnamn_avduking_39_Small

                                                                 Bilde frå avdukinga av tavla ved Tjønnås stasjon. Frå v. Birger Smedstad, Kari Hegna Tengesdal,
                                                                 Klas Eika,  Kari Verpe Hynne, Rune Zeylon og Gunnar Kleiva.

Det er nå lagt til rette for ei digital kartløysing der ein kan få fram informasjon knytt til både stadnamn og kulturminne, t.d. analoge og digitale bilde og forteljingar.  Ved å gå inn på denne linken og deretter søke på Bø kommune kan ein zoome seg inn i kartet til ønska område, eller ein kan søke på namn på eit kulturminne eller eit stadnamn. Søker du på f.eks. kulturminne "Uvdalsdammen" vil du bli linka rett til kartet der kulturminne er og du vil da kunne få opp bilde og historie knytt til staden.